Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.
KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
PÅMELDING
Trykk her for påmelding. (Obs! Opnar fredag 26. mai kl 10.00.) Meld deg på innan 27. august 2023.
PRAKTISK INFO
Konfirmantopplegget vårt varierer litt frå år til år, og de får meir informsjon på foreldremøtet som arrangerast før sommarferien. For god oversikt over opplegget, sjå kyrkja.com. Der vil det alltid ligge oppdatert konfirmantplan. Det blir også lagt ut informasjon på Konfirmasjon i Finnøy på Facebook. Samt at det blir sms påminningar, til det nummeret dei oppgjer ved påmelding.
FORELDREMØTE for KONFIRMANT 2024 blir ONSDAG 24. MAI:
-Kl 16:15 for foreldre/føresette frå Sjernarøy sokn (Sjernarøyane og Ombo) og Talgje sokn (Talgje, Fogn og Halsnøy)
-Kl 17:00 for foreldre/føresette frå Hesby sokn (Finnøy)
NB: Kun for foreldre /føresette utan konfirmant
På møtet vil vi spikre konfirmasjonsdatoar og snakke om kva som i all hovudsak føregår i løpet av eit konfirmasjonsår. Konfirmasjonsåret startar i september og avsluttast med konfirmasjonsgudstenester i mai. Undervisninga skjer for det meste onsdagar etter skuletid. Vi tilpassar då tida slik at det skal passe med båtane. Det vil óg bli ein weekend på Utsyn 2.-3. febr. 2024. Der nokre foreldre må være med som leierar ilag med ansatte.
(Lurar du på kva konfirmasjonsdatoane er for åra framover...? Som prinsipp har Hesby kyrkje (for konfirmantane på Finnøy) alltid første helg i mai (lørdag + søndag). Det året 1. mai er på ein sundag blir det 30. april og 1. mai. For dei andre øyane varierar det mellom same helg, helga før eller helga etter, og ein blir einige om kva datoer det blir på foreldremøtet.)
KONFIRMASJONSGUDSTENESTENE VÅREN 2024:
Lørdag 27. April kl 11.00 Fogn Konfirmasjon
Lørdag 27. April kl 12.00 Jørstad Konfirmasjon
Søndag 28 April kl 11.00 Talgje Konfirmasjon
Lørdag 4. Mai kl 12.00 Hesby Konfirmasjon
Lørdag 4. Mai 12.00 Sjernarøy Konfirmasjon
Søndag 5. Mai kl 1100 Hesby Konfirmasjon
KVA KOSTAR DET?
Konfirmasjonstida har ein pris på kr 750. Dette inkluderar materiell, mat på samlingane, konfirmantbibelen etc. (Prisen er den same uavhengig av om konfirmanten er med på weekend eller ikkje.) Ved påmelding betales kr 750,- pr vipps til det soknet konfirmanten bur i: Hesby sokn 132972, Sjernarøy sokn 503744 og Talgje sokn 92286. Hvis du har problem med å betale avgifta, vil me hjelpa til med dette. Pris skal IKKJE vere eit hinder. Ta kontakt med kyrkjekontoret!
OPPMØTE
I løpet av konfirmantåret må konfirmantane vere med på 8 gudstenester. Det forventes at konfirmanten prioriterer konfirmasjonsundervisning framfor andre gjeremål dette året.
LEIR
Vi reiser også på weekend eller leir. Vi ynskjer å gi deg gode opplevingar saman med venner og leiare. Det blir weekend på Utsyn Misjonssenter 2.-3. februar 2024. Der vil me ha med nokre foreldre som leierar ilag med ansatte.
JÆRGÅRDS-FESTIVALEN
Fredag 18. august er det tilbod til alle konfirmantar om å vere med på Jærgårds i Kleppeloen, Klepp. Det har vore kjekt for dei unge å vere med på dette i fjor og året før. Reidun Bråtveit reiser i lag med dei som vil inntil 6 pers.Utover dette må foreldre vere med og køyre til/frå arrangementet. Frivillig å delta, kostnad på kr 100,- for konsertane. Gje beskjed til Reidun innan 15. juni rb474@kyrkja.no
KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Fleire ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på forhand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.