Portalar til tru


Mange tenkjer på kyrkje, bedehus eller menneske når ein talar om tru, men tru kan vere så mykje meir. Me kan erfara og oppdaga tru på ulikt vis.

Portalar til tru er åtte portalar som handlar om livet, om små og store erfaringar du kan ha i møte med natur, kultur, menneske, kyrkja, Bibelen, høgtidene og deg sjølv. Opplevingar som på ulikt vis kan røra ved deg.

Gud ynskjer å møta menneske der dei er. Kanskje kan portalane opne opp for Gud der du er?

Les meir om dette på nettsida HER.  Her kan du lytta, lese og sjå bileter – og få påfyll av kunnskap om tru, Gud og kristendommen.

Tilbake
Del