Fasteaksjonen 2023


Eit håp kan byrje med ein drope vatn og gje ei framtid utan svolt, fattigdom, sjukdom og konflikt. Ver med i årets fasteaksjon og gjer ein forskjell for dei som treng det aller mest. Støtta frå deg reddar liv. 

Biletet er henta frå Kirkens Nødhjelp/Fasteaksjonen

Kampen for rettferd har vore heilt sentral i det å vere kyrkje - det er ein del av kyrkja si diakonale oppgåve. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid ute i verda er òg menigheita si globale diakoni. Me står i ein global samanheng, og eit kyrkjeleg fellesskap over heile kloden. Det er over 3000 vers i Bibelen som handlar om fattigdom og rettferd. Gjennom Fasteaksjonen bidreg me år etter år til meir rettferd i verda. Me gjer menneska i våre lokalsamfunn moglegheit til å hjelpa. Og ikkje minst skapar me håp; hos oss sjølve og hos dei som er i naud. TAKK FOR AT DU STØTTAR FASTEAKSJONEN 2023:-) Vipps til 2426.

Fasteaksjonen på øyane i Finnøy kommunedel skjer 25. og 28. mars. 

* På Finnøy sit konfirmantane med bøsse på butikkane - Coop og Kiwi, laurdag 25. mars kl. 16.45-19.30.

* På Halsnøy sit konfirmantane med bøsse på Joker Skartveit laurdag kl 11.00-13.00.

* På Fogn sit konfirmantane med bøsse på Jokeren laurdag 25. mars kl 11.00-13.00.

* På Talgje kjem konfirmantane rundt med bøssene tysdag 28. mars mellom 17.00-20.00.

* På Ombo: Oppfordring om å gje på VIPPS 2426.

* På Sjernarøy sit konfirmantane på butikkane laurdag 25. mars kl 11.00-13.00.

Det nyttar å hjelpe:-) Det kan du lesa meir om i artikkelen under her:

Nizar si eventyrlege vassreise

(På biletet ser me Deodata og Nizar)

Tekst og foto: Anette Torjusen

Synet som møtte Nizar Seleman Utanga for sju år sidan, gav liten grunn til håp, men sidan den gong har ho vore med på å endre 126 000 liv i Mbulu i Tanzania. Det heile byrja med ein brønn.

– La meg løfte saman med deg, så du ikkje mistar bøtta, seier Nizar Seleman Utanga og hjelper ein ung gut med å helle vatn over i ein dunk.

Området vi er i, heiter Mbulu og ligg i Tanzania, i den spektakulære Riftdalen. Omkransa av fjell, solsikker og endelause maisåkrar. Så vakkert, men samtidig så røft og brutalt for dei som bur her. I ei årrekkje har dei kjempa mot tørke og vassmangel. Innbyggjarane i landsbyen Goje måtte gå mellom fem og seks timar kvar dag for å hente vatn. Dette er ein landsby Nizar har besøkt jamt og trutt dei siste åra som programmedarbeidar i Kirkens Nødhjelp.

– Sist eg var her, var det høg arbeidsløyse, stor fortviling blant bøndene, tomme skulebenkar og mykje sjukdom. Ingen hadde eit sosialt liv. Det var det ikkje tid og rom for, seier ho.

Verken menneske eller dyr hadde vatn. 

– Dei som bur her, gjekk i fem–seks timar for å hente vatn. Så langt var det til næraste kjelde. Og det vatnet dei fann, var langt frå trygt, understrekar ho.

Ein av dei som henta vatn, var 15 år gamle Deodata Julius.

(På biletet ser me Deodata)

– Eg gjekk for å hente vatn kvar morgon klokka fem og gjekk i to timar. Då eg kom heim, sprang eg til skulen for ikkje å kome for seint. Etter skulen sprang eg heim for å gå i to nye timar. Først klokka 19.30 på kvelden kunne eg setje meg ned og gjere lekser, fortel ho.

Deodata legg til at ho alltid var sliten og trøytt, og at ho grudde seg til å hente vatn på ettermiddagane. For ofte rakk ho ikkje heim før det blei mørkt.

– Eg syntest det var ekstra skummelt å gå i mørkeret, minnest ho.

I 2014 samla det norske folket inn 250 millionar kroner til reint vatn gjennom TV-aksjonen, noko som gav vatn til 1,7 millionar menneske. Ein av landsbyane som har fått brønn, er nettopp Goje. I Mbulu, der vi er no, har 126 000 menneske fått tilgang til reint vatn. Kirkens Nødhjelp har både bora etter vatn og reparert brønnar. Den djupaste brønnen er på 135 meter.

Ei fersk undersøking som er gjord i Mbulu og i Haydom, viser ein nedgang frå 89 til 35 prosent i sjukdommar som er relaterte til skitent vatn.

– Eg er så stolt, så stolt over å få vere med på å endre så mange liv. Det er ein heilt annan atmosfære her no. Folk er lykkelege og har jobb, skulane er fulle av elevar, livskvaliteten har endra seg, og bøndene kan igjen dyrke grønsaker, seier Nizar.

Rundt vasspumpa i Goje er det full aktivitet. Skulen til Deodata er her for å hente vatn. Sjølv slepp ho å gå i timevis og kan konsentrere seg om å bli lege.

Nizar er spesielt glad for at barn og unge endeleg kan få tid til å vere nettopp unge.

– Liva deira var så travle, men no får dei vekse opp og ha normale liv. Det fortener dei. Eg ser så mange smil. Dei kan leike, gå på skulen og halde seg friske. Eg blir så imponert over denne endringa, smiler ho. 

Sjølv om livet i Goje no er godt, er det framleis stor vassmangel i Tanzania, noko som òg gjeld større byar.

4 millionar menneske manglar tilgang til reint og trygt vatn. 29 millionar menneske har ikkje tilgang til gode sanitærforhold. 

(Tekst og bilete i artikkelen er henta frå www.fasteaksjonen.no)

 

Verdens Beste Nyheter

Kvart år er ein påvirkningskampanje knytta til Fasteaksjonen. Overordna handlar denne om å skape engasjement for ei meir rettferdig verd, og å visa at det nytter å bruke si stemme for å vere med og skapa endring. Diakoni som evangeliet i handling inneber óg å vere ei stemme for marginaliserte og snakke opp mot urett.

I år er påvirkningskampanjen Verdens Beste Nyheter (VBN). Med å lesa VBN ser me at det nytter å engasjera seg i kampen for ei betre verd. Følg Verdens Beste Nyheter på Instagram eller les VBN-avisa på nett HER. Dette gjev håp!

 

Tilbake
Del