Velkomen til Ingvild


Ingvild Angelskår Moen er vår nytilsette diakonimedarbeidar.

Foto: Reidun Aabrekk Bråtveit

Kyrkja i Finnøy har lenge jobba for å få tilsett diakon i bydelen vår. Hausten 2022 fekk me den gledelege nyheiten at Stavanger kirkelige fellesråd tildelar oss ei 100% nyoppretta stillig for diakoni, og frå 1. januar 2023 blei Ingvild Angelskår Moen tilsett som vår diakonimedarbeidar. Me ynskjer henne varmt velkomen, og gler oss til å jobba saman.

Her har ho skreve litt om seg sjølv: 

"Eg flytta til Finnøy i 1998, starta som lærar på Finnøy skule. Har jobba innan oppvekst i ulike jobbar i kommunen. Bur på Søre Vignes med mann og fire barn. Starta karrieren som ettåring i kyrkjelyden i Alversund, jobba der saman med organist, prest og prost, eg hadde mest ansvar for barne- og ungdomsarbeidet. Fekk litt innblikk i kyrkja sitt arbeid, men å starte som diakonmedarbeidar i Finnøy, er første «skikkelege» jobb i kyrja for min del. Tidlegare har eg hatt ulike frivillige verv i kyrkja og i organisasjonar. Når eg såg stillingsutlysinga måtte eg google, kva er ein diakon og kva jobbar ein med då? Å vere diakon tyder å vere tjenar, ein diakon skal leie kyrkja sitt omsorgsarbeid. Ein jobbar med menneske i ulike aldrar og kan vere til støtte når nokon treng det, det er fint å få vere med og forebygge utanforskap både for unge og eldre. Det er mykje godt etablert arbeid i kyrkja sin regi på øyane, også mykje diakonalt arbeid, det meste utført av frivillige. Eg er heldig som får kome inn i dette, og kan vere med å utvikle det vidare. Mitt inntrykk er at kyrkja i Finnøy er god på å samarbeide med frivillige og lag/organisasjonar. Gler meg til å kome i gang. Ønsker å ha lav terskel for at folk kan ta kontakt med meg eller andre som jobbar i kyrkja."

Kontaktinformasjon til Ingvild er:

im338@kyrkja.no

95224385

Tilbake

Del