Konfirmant 2023


Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.

Foto: Von/Kirkerådet

KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.

PRAKTISK INFO
Konfirmantopplegget vårt varierer litt frå år til år, og de får meir informsjon på foreldremøtet.

KONFIRMASJONSGUDSTENESTENE VÅREN 2023:

Halsnøy bedehus laurdag 29. april kl 11.00

Jørstad kyrkje sundag 30. april kl11.00

Talgje kyrkje sundag 30. april kl 11.00

Hesby kyrkje laurdag 6. mai kl 11.00 og kl 13.00

Fogn kyrkje laurdag 6. mai kl 11.00

Hesby kyrkje sundag 7. mai kl 11.00

Sjernarøy kyrkje sundag 7. mai kl 11.00

PÅMELDING
Trykk HER for å kome til påmeldinga.

KVA ER KONFIRMASJON?
Ordet konfirmasjon kan bety både «å bekrefte» og «å gjere sterk».
Eit høgdepunkt i konfirmasjonsgudstenesta er når det bes ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrke deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å være ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er en påminninga om at Gud i dåpen sa ja til å være ein del av ditt liv.

LEIR
Vi reiser også på weekend eller leir. Vi ynskjer å gi deg gode opplevingar saman med venner og leiare.Den brukar å vere i februar og me drar til Furutangen leirstad på Randøy i Hjelmeland kommune med ei overnatting (normalt fredag til laurdag).

KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Fleire ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på forhand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.

 

10 GODE GRUNNAR TIL Å VERE KONFIRMANT I KYRKJA:

1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skolefag.

2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er.

3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og bli kjent med fleir.

4. Du får engasjere deg for andre menneske. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.

5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg.

6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg.

7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.

8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva kristendom er.

9. Du blir del av eit større fellesskap. Berre sjå på #konfirmantene på TikTok!

10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles.

Tilbake

Del