Hesby kyrkje restaurerast


Hesby kyrkje er under restaurering, og vil i perioder vera stengd. Neste stengde periode er frå 1. september 2024 til 1. oktober 2025.

Foto: Heidi Bø Sangedal

Hesby kyrkje har gjennom fleire år vist teikn til forfall, og i 2020 blei det bevilga midler til ein tilstandsrapport av kyrkja frå Stavanger kommune og Riksantikvaren. Undersøkinga viste at bygget gjennom fleire år har samlet fukt i veggene, noko som er skadeleg for muren. Basert på tilstandsrapporten tildelte Stavanger kommune ekstra midler for å kunne foreta full restaurering. Arbeidet starta hausten 2021, og kyrkja er delvis dekka av stillas og presenning. Arbeidet med murverket og ikkje minst uttørking av fukt i murene vil kreve langvarige arbeider på og i kyrkja. Dessutan skal glasmaleriet i koret rehabiliterast, og blir demontert og send til Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider i Trondheim.

Ein vil då nytte tida til å meisle murverket innvendig. Dei kvite veggane blir dermed gråstein, og vil stå slik i ei lengre tørkeperiode. Det kan koma der ein er nødd å stengje for aktivitet ei stund. I periodane med stengd kyrkje vil planlagd aktivitet bli på Bethel, Judaberg. 

Utvendig arbeid med meisling og fuging av murverket vil fortsette heile neste år også, slik at stillasene vil vere tilstades over lengre tid. Under rehabiliteringsperioden vil deler av parkeingsplassen vere nytta til å oppbevare utstyr. Mot slutten av restaureringsarbeidet vil det bli ein ny nedstengingsperiode frå hausten 2024 og fram til heile kyrkja skal vere ferdig ca 2026.

Takk for at de viser tolmod i byggperioden frem til kyrkja atter ein gong framstår som ei praktfull middelalderkyrkje!

Tilbake
Del