Koronatiltak i kyrkja


Atter ein gong grip korona inn i kvardagen vår, og set føringar for kva me kan arrangera og ikkje.

Bildet hentet frå Pixabay

Ikkje lenge etter attopning av samfunnet, må me i gang med nye tiltak for å bremsa den aukande smittesituasjonen i samfunnet.

Kyrkja i Finnøy følgjer gjeldande nasjonale og lokale reglar og retningslinjer, og Den norske kyrkje sentralt utarbeider smittevernsveiledar basert på desse. 

Det vil derfor bli nokon endringar i våre arrangement framover; nokre blir avlyst, nokre endrast på og noko gjennomførast nesten "som normalt" med smittevernstiltak i bunn. Følg med på kalenderen for å sjå kva som skjer.

Her kan du lesa om dei nasjonale reglane og retningslinjene.

Og her er smittevernsveiledaren for Den norske kyrkje.

Me på kontoret er også tilbake på heimekontor, og du får kontakt med oss på mail og telefon, sjå HER for kontaktinfo.

Tilbake
Del