Påsken blir digital


Sjå påskegudstenestene heime frå stova!

Bildet hentet frå Pixabay

Grunna dei strenge reglane for smittevern som gjeld fram til 12. april (les meir om dei HER), blir dei oppsette gudstenestene i kyrkjene våre avlyste. Me vil likevel formidla påskens bodskap til dykk via opptak som me legg ut HER, og på Facebooksida vår 'Kyrkja i Finnøy'. Det er ikkje det same som å treffast i kyrkja, men me vonar det blir mogleg igjen om ikkje så lenge. 

Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. (Hebr 10, 23-24, frå lesetekstane Skjærtorsdag)

Tilbake
Del