Når corona-viruset set ein stoppar for innandørs gudstenester, flytta me gudstenesta ut!
Prest Terje Engstrøm held preike på isen. Foto: Reidun Aabrekk Bråtveit
Dei gjeldande reglane for corona-situasjonen seier at det kun er lov med 10 deltakare på innandørs arrangement, og då er det ikkje så greit å få til ei vanleg gudsteneste. Utandørs er det lov med heile 200 deltakare, og då nytta soknepresten i Hesby seg av det fine vinterveret me har hatt dei siste vekene, og laga gudsteneste ute på Lauvsnesvatnet på Finnøy, to sundagar på rad, 7. og 14. februar. Lauvsnesvatnet er eit av dei vatna som har vore sikre for ferdsel no i frostperioden, så her var det både trygt og morosamt å kunne kombinere gudsteneste og kyrkjekaffi med sundagstur og skøytegåing. Arrangementa samla fleire folk, ca 120 begge gangene, og fleire uttala at dette var eit kjempeflott tiltak og at det var veldig fint å kunne samlast att.

Sidan februar-gudstenestene våre pleier å ha Bibeldagen som tema, var 5. klassingane på Finnøy sentralskule spesielt inviterte sundag 14. februar, med eigen sporleik etter gudstenesta, og utdeling av Godt Nytt etterpå.


For Kyrkja i Finnøy var det veldig godt å kunne feira gudsteneste att, og spesielt fint å kunna gjera det ute i det fine været:-)
Ynskjer du å sjå opptak av desse gudstenestene, finn du dei i denne artikkelen.