Takkoffer Bibelselskapet


I februar måned plar kyrkjene i Finnøy ha gudstenester med tema Bibeldagen. Då går takkofferet til Bibelselskapet og deira arbeid for bibeloversetjing, som dette året går til Cuba.

Knytta til desse gudstenestene er eit trusopplæringstiltak for dei på 5. trinnet. Då har dei eit opplegg med prest eller trusopplærar, og inviterast til gudstenesten på si øy der dei får utdelt nytestamentet 'Godt Nytt'.

I år blir dei fysste gudstenestene i februar diverre avlyst grunna korona-situasjonen. Dersom du likevel ynskjer å støtta Bibelselskapet sitt arbeid med bibeloversetjingar i Cuba, er det mogleg å gje pengar via VIPPS. Dei som ynskjer å støtta dette, vippsar til soknet sitt og merker gåva Bibelselskapet. 
Hesby sokn: 132972
Sjernarøy sokn: 602967
Talgje sokn: 92286

Les meir om Bibelselskapet HER.

Tusen takk for di støtte:-)

Tilbake
Del