Babysong


Velkomen til babysong våren 2021.

(NB! Grunna korona-restriksjonar er det PÅMELDING)

 

Photo by salid bel on Unsplash

Kyrkja i Finnøy vonar at reglane for smittevern gjeldande korona held seg slik dei er no, slik at me kan starta opp att babysong etter vinterferien. Me inviterar til babysong på Finnøy bibliotek torsdag 11. mars kl 11.00, og annankvar torsdag framover.

Dette er eit gratis trusopplæringstiltak for alle med babyer 0-1 år som bur i Finnøy kommunedel. Her senkar me skuldrene og fokuserar på kvalitetstid med babyen(e) vår(e) med reglar, song og musikk. Musikk er viktig for bornets motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling. På babysong får bornet høve til å stimulera fleire sansar. Songstunda varer 30-45 min.

Dette er vanlegvis eit drop-in tilbod, men for å kunna halda oss innanfor gjeldande korona-restriksjonar må me no ha påmelding. Meld deg på til bk623@kyrkja.no eller på sms til 90914358. Førebels kan me bare ha samlinga, og ikkje lunsj og sosialt samvær etterpå. Dette endrar me om smitteverntiltaka gjer det mogleg.

NB! Me følgjer dei til ei kvar tid gjeldande reglane for smittevern.

Vel møtt! Gler meg til å helsa på dykk:-)

Tilbake