Adventstid
Bildet hentet frå Pixabay
Tenn lys!
Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna,
for liten og for stor.
Må alle dele håpet
så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtast.
Eit lys er tent for det.

Tenn lys!
To lys skal skine
for kjærleik og for tru,
for dei som viser omsorg
og alltid byggjer bru.
Må flyktningen få heimland,
må krigsfangen bli løyst.
Tenn lys for dei som sørgjer,
og dei som gir dei trøyst.

Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må slåst
for rettferd og for fridom.
For dei treng hjelp frå oss.
Må ingen miste motet
før alle folk er eitt.
Tenn lys for dei som kjempar
for fridom og for rett.

Tenn lys!
No stråler alle
dei fire lys for han
som elskar alt som lever,
kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen
som gjetarane såg!
No møtest jord og himmel
i barnet, lagt på strå!

Tilbake