Allehelgensdag


For mange er allehelgensdag ein viktig dag for å minnas dei som har gått bort, dei me sakner.

Foto: Jarle Hagen

Kyrkja i Finnøy markerar allehelgensdag med minnegudstenester, der namna på dei frå meinigheita som har gått bort siste året blir lest opp, og me tennar lys og ber Gud om hjelp i sorga og saknet etter våre kjære. Samstundes takkar me for den stunda me fekk leve saman med dei, og dei gode minna som lev vidare med oss.

Minnegudstenestene på øyane våre blir lagd til den sundagen i november det er gudsteneste, og for 2020 er dei fordelt slik:

Talgje:         1. november kl 11.00 (Talgje kyrkje)

Halsnøy:     15. november kl 10.30 (Halsnøy bedehus)

Ombo:         15. november kl 12.45 (Jørstad kyrkje)

Sjernarøy:   15. november kl 11.00 (Sjernarøy kyrkje)

Finnøy:       22. november kl 11.00 (Hesby kyrkje)

Fogn:          29. november kl 11.00 (Fogn kyrkje)

 

Les gjerne sundagsstankane for allehelgensdag "Det dunkle, lune håpet" her.

 

 

 

Tilbake
Del