Tårnagent


Kyrkja i Finnøy inviterer kvar haust 3. klassingar til å vere Tårnagentar.

Alle skuleborn i 3. klasse i Finnøy kommunedel får brev med invitasjon til vera med på tårnagenthelg på hausthalvåret, normalt i oktober-november ein gong. I forkant har me ei samling der me løyser ulike oppgåver. Me vekslar på bruk av kyrkjene ut frå passande helg og tilgjengelege ressursar. Borna får også høyra sundagens tekst og øvar inn songar og eventuelt eit lite drama knytta til gudstenesta som avsluttar opplegget på sundagen. Det er ei familiegudsteneste der tårnagentane er deltakare. 

Tilbake

Del