Gudstenester i koronatiden
Me gler oss over å kunne feira gudstenester i kyrkjerommet att!
Gudsteneste i Talgje kyrkje.
No er det endeleg lov å feira gudsteneste saman med andre i dei flotte kyrkjene våre. Det er likevel nokre føresetnader me framleis må følgje for å støtta den nasjonale målsetjinga om å hindra vidare spreiing av Covid-19.
Inntil 200 personar kan nå (frå 16/6) delta (i tillegg til medverkande) dersom det er rom for å halde 1 meter avstand mellom kvar person (gjeld ikkje personar i same husstand). Seremonirommet sin storleik overstyrer maksimal mengd slik at minimum avstand kan takast vare på. Ingen av kyrkjene i Finnøy er store nok til å kunna romme 200 personar med 1-metes regelen, og maks tal på personar varierer frå kyrkje til kyrkje.
Desse fem prinsipp gjeld for deltaking på gudstenester:
- Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
- Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
- Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
- God avstand mellom alle som deltar.
- Tilstrekkeleg bemanning til stade.
Du kan lese heile smittevernveiledaren HER.
Tilbake