Velkommen attende til kyrkja!
Endeleg kan me feira gudsteneste i lag att! Om ikkje heilt som før, så er det nå opna for å kunna halda gudstenester i kyrkjerommet igjen, under nokre føresetnader.
Altaret i Sjernarøy kyrkje.
Dei nye retningslinjene som har kome gjev løyve til å kunna halda arrangement i offentlege rom med 50 personar frå og med torsdag 7. mai. Dette er ein særs god bodskap for kyrkja og gudstenestelivet!
Me i staben er nå i gong med å leggja planar for korleis fyrste gudsteneste kan haldast på ein trygg og god måte for både deltakarar og tilsette. Den fyrste gudstenesta blir i Sjernarøy kyrkje Helgetorsdag 21. mai kl. 11.00.
Me gler oss til å kunna samlast (på tilråda avstand) i kyrkjerommet att!
Attopning av kyrkjer og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar kan skje under følgjande føresetnader når det gjeld mengd deltakarar:
- Maksimalt 50 personar (i tillegg til medverkande) til stades (denne avgrensinga gjeld inntil helsestyresmaktene eventuelt gjev nye/justerte råd)
- Minimum 1 meter mellom kvar person (gjeld ikkje personar i same husstand)
- Seremonirommet sin storleik overstyrer maksimal mengd slik at minimum avstand kan takast vare på
- Der kommunen av smittevernomsyn har strengare vedtak om samlingar og mengd, overstyrer desse føregåande punkt
Alle som deltek på våre arrangement må registrerast med namn og telefonnummer. Dette grunna eventuell smittesporing. Lista vert makultert etter 10 dagar.
Smittevernet ved gudstenester og kyrkjelege handlingar byggjer på fire hovudprinsipp:
- Sjuke personar skal ikkje delta eller vera til stades
- Gode rutinar for handhygiene og reinhald
- God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar
- Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr
Tilbake