Talgje kyrkje
Talgje kyrkje

Talgje kyrkje ligg på eit av dei høgaste punkta på øya, på det gamle hovdingsetet Gard. Majestetisk ruvar kyrkja i landskapet, og skaper ei gripande stemning av mellomalder og ro.  Kyrkja er truleg bygd kring 1130-1150- talet. Byggmaterialet er vanleg gråstein, men alle hjørner og innfatningar er av hoggen kleberstein. Steinhoggarbeidet er av svært høg kvalitet, og detaljane i klebersteinutsmykkingane er uvanleg godt tekne vare på. Byggestilen er romansk – normannisk, og syner engelsk påverknad. 

Talgje kyrkje er ein del av Talgje sokn, som omfattar øyene: Talgje, Fogn, Halsnøy, Bokn og Byre.

 

Gudstenester Juli - Desember 2017:

Sundag 30. juli kl 11:00, Gudsteneste. Nattverd. Takkoffer: Normisjon.

Sundag 27. august kl 11:00, Gudsteneste. Nattverd. Takkoffer: Eigen kyrkjelyd.

Sundag 24. september kl 11:00, Gudsteneste. Hausttakkefest. Nattverd. Takkoffer: NSSF.

Sundag 22. oktober kl 11:00, Gudsteneste. Nattverd. Takkoffer: Med Hjerte for India.

Sundag 19. november kl 11:00, Gudsteneste. Nattverd. Takkoffer: Diagonalt arbeid.

Fredag 1. desember kl 12:00, Barnehagegudsteneste. 

Sundag 17. desember kl 17:00, Me syng jula inn. Takkoffer: Orgelinnsamlinga.

Julaften 24. desember kl 11:00, Gudsteneste. Takkoffer: Misjonsprosjektet.

Julaften 24. desember kl 15:00, Gudsteneste. Takkoffer: Misjonsprosjektet.

1. juledag 25. desember kl 12:00, Gudsteneste. Nattverd. Takkoffer: Eigen kyrkjelyd.



17. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Finnøy kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando