Hausttakkefest
Hausttakkefest
I september i heile Finnøy brakar det laus med Hausttakkefestar i kyrkjene. 
I september i heile Finnøy brakar det laus med Hausttakkefestar i kyrkjene. Det er samlingar i forkant for 0-5 år, skulebesøk til 1-4 klasse (1 klasse Hesby).

Haust-takke-fest.

Hausttakkefesten i ein takk for livet. Hausttakkefesten gjev oss eit perspektiv på livet. Dette blir uttrykt i ei bordbøn. Der syng me:
”Herre din jord bærer mat nok til alle. 
Takk for den delen du vil vi skal ha. 
Lær oss å dekke et langbord verden, 
Som alle kan reise seg mette fra.” 

Enten me trur på Gud eller ikkje, veit eg mange vil vere med meg når eg hevdar: Maten på bordet i dag, og kvar dag, er eit under, eit mirakel. Men det blir lett så sjølsagt. På hausttakkefesten i kyrkja får takken vår ein retning, ein adressat. Takken går til Gud som på underfull vis inntil denne morgenen har latt oss ha det daglege brødet på frukostbordet. Hausttakkefest er ei symbolhandling. Me bere inn i kyrkja noke av som blir hausta og produsert her hos oss. Den kristne tradisjonen ser maten på bordet som eit uttrykk for Guds omsorg. Som svar på bøna i FaderVår: Gjev oss i dag vårt daglege brød.
«Alle ventar på deg,
at du skal gje dei mat i rett tid. 
Du gjev, og dei sankar, 
du opnar handa, 
og dei blir metta med det gode» (Salme 104)

Sjå Gudstenestelistene for dato og tidspunkt når det er Hausttakkefest på di øy!



18. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Finnøy kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando